![]() |
|
Helga 15. - 16. januar arrangeres det vinterfestival for tredje året på rad i Førde. Ein festival som bygger på musikartreff, utelivsbransjetreff og nyttårsdans. Med totalt 10 band, 6 trubadurar og 2 einmannsorkester / danseduoar, er det klart for 24 timar med livemusikk frå 4 scener denne helga. Det vil bli et stort spekter av musikalske sjangerar, både å lytte til, og å danse til. Av artistar kan nevnast Oddvar Torsheim som i lag med Birger Meland er kjend for å levere spektakulære show frå scena, Kruttrøyk som er ute med si tredje plate med countryrock på sunnfjordsdialekt, og eit av Noregs mest kjende danseband, Bjørns Orkester. Klagemur er eit Osloband som spelar eigne låtar på norsk og plasseres med et smell inn i sjangeren rock`n roll. Fredrik & the blue dudes er festivalens bluesalibi og leverer gode coverlåtar henta frå bluesrockens verden. Freebird er eit spennande band frå Sykkylven i Møre og Romsdal. Dei kom høsten 2009 ut med si andre plate Feelin`Free. Av andre band kan nevnast bergensbandet Wapo, Dr. Doc frå Stryn og Førdianarane i Fant. Dei tre sisnevnte er coverband som spelar god musikk av kjende artistar.
|
|